Vil styrke norsk reiseliv med felles selskap

Fjord1, Vy og dei fire eigarane i Aurland Ressursutvikling (Aurland Eige, Sogn Sparebank, Siva og Schage Eiendom) har signert ein prinsippavtale der målet er å etablere eit felles reiselivsselskap.

Flåm Aurland
foto Siva/Åge Hojem

Prinsippavtalen er første steg for å samle alle reiselivsselskapa under eit felles eigarskap. Ei slik samling vil omfatte selskapa Aurland Ressursutvikling (ARU), Fjord Tours Group, Flåm Utvikling (Flåmsbana) og The Fjords.

Det har vore diskusjonar mellom partane over lengre tid, og med prinsippavtalen har partane fått på plass eit felles grunnlag for å jobbe vidare fram mot målet. Partane er samde om at ei samling er eit riktig strategisk grep som vil gi auka styrke til selskapa og til norsk reiseliv. Utfordringane som pandemien har skapt for reiselivet underbygger at ei konsolidering er nødvendig for å gi kraft til omstilling, utvikling og ny vekst, og ta den leiande posisjonen som partane ynskjer.

 - Transaksjonen er enno i ein tidleg fase, men som største eigar i Aurland Ressursutvikling trur vi at dette blir positivt både for selskapet og for den videre utviklinga av reiselivsindustrien, seier eiendomsdirektør Lise Bartnes Aalberg i Siva.

 Vidare arbeid fram mot ein eventuell transaksjon omfattar ulike økonomiske og juridiske vurderingar hjå alle partar, og forhandlingar om endelege avtalar. Prosessen er forventa å ha ei avklaring før årsskiftet.

Som største eigar i Aurland Ressursutvikling trur vi at dette blir positivt både for selskapet og for den videre utviklinga av reiselivsindustrien.

- Lise Bartnes Aalberg

Om selskapa som vil inngå i samlinga

ARU har sidan slutten av 90-talet bygd opp Flåm som eit heilskapleg internasjonalt reisemål. ARU og dotterselskapet Norway's best AS har ein nasjonal satsing på reiseliv og eit sterkt sal- og marknadsapparat. Myrkdalen Fjellandsby vart innfusjonert i ARU i 2020.

Fjord Tours Group er eigd av Fjord1 og Vy med 50 prosent kvar, og er eit selskap der Fjord1 og Vy satsar saman på berekraftig reiseliv. Fjord Tours Group eig 74 prosent av Fjord Tours AS, der ARU og Tide eig dei resterande aksjane. Fjord Tours er spesialist på berekraftige rundreiser med kollektivtransport, og har utvikla ein moderne digital plattform der turistane sjølve kan sette saman kollektivtransport, overnatting og aktivitetar.

Flåm Utvikling er eigd 50 prosent kvar av ARU og Vy. Selskapet har sals- og marknadsansvaret for Flåmsbana. Vy er togoperatør. Flåmsbana er ein av Noregs største turistattraksjonar.

The Fjords er eigd 50 prosent kvar av ARU og Fjord1. Selskapet har ein sterk posisjon innan miljøvenlege fjordopplevingar, og har blant anna tre nyskapande og prisvinnande batteridrivne fartøy.

Aurland Ressursutvikling (ARU) er eigd av:

  • Siva Eiendom Holding (36,5%)
  • Aurland Eige (30,8%)
  • Schage Eiendom (23%)
  • Sogn Sparebank (9,7%)