– Det skjer stor verdiskaping i og rundt næringshagemiljøa i Norge, seier den nyvalde styreleiaren.

Ho meiner det framover blir viktig å jobbe for framleis gode vekstvilkår for næringshagane og bli enno betre på å synliggjere resultat i og gjennom bedrifter som er del av næringshageprogrammet.
Næringshagane bidrar til bedriftsetablering, vidareutvikling og vekst i små og mellomstore bedrifter, og er ein arena for næringsutvikling der talent, idéar og prosjekt møter profesjonell bistand til å orientere seg i verkemiddelapparatet, utvikle forretningsidéar, arbeide med marknaden og finne kapital. Næringshagane tilbyr også attraktive forretningslokaler som er tilrettelagt for samspel mellom bedrifter.
– Næringshagane har vist seg å ha positiv effekt for bedrifts- og samfunnsutvikling i distrikta, meiner Laila Steine og legg vekt på at det er viktig å oppretthalde og forsterke utviklingsmiljø som legg til rette for nyskaping og vekst – også i distrikta.
Nasjonal programoperatør for næringshageprogrammet er Siva, medan næringshageprogrammet er eigd av KMD og fylkeskommunen i fellesskap.
Med seg i styret får Laila Steine Stig Hansen frå Nordkapp Næringshage, som går frå å vere styremedlem til å bli nestleiar. Tina Lihaug Selbæk frå Nasjonalparken Næringshagen, Gudmund Brekko frå Hallingdal Næringshage og Borge Nordfjeld frå Magnor Næringshage. Varamedlemmer er Berit Arntsen, Næringshagen i Orkdalsregionen og Åsta Sortland, Senja Næringshage.
Kontakt gjerne nyvald styreleiar Laila Steine, mob 97 775 757