Distriktshotella som ressurs i lokalsamfunna

Illustrasjon distrikt buss

SIVA har fått ansvar for eit prosjekt som skal gjere distriktshotella til ein viktig ressurs i lokalsamfunna.

– Me veit at mange av dei tradisjonsrike distriktshotella rundt i landet no slit med lønsemda. Omstilling er nødvendig også i denne næringa. Kommunal- og regionaldepartementet vil setje i gang eit prosjekt for å prøve ut ulike modellar som kan gje distriktshotella fleire bein å stå på, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Navarsete
Liv Signe Navarsete

– Det er ikkje berre eigarane og bankane som vil tape stort om mange av distriktshotella må gje opp og leggje ned verksemda, seier statsråden. Mange stader er hotella og bygdene ikring gjensidig avhengige av kvarandre. Reiselivsnæringa er ei næring som betyr mykje for sysselsetjing og busetjing i mange distrikt, og dei lokale hotella tilbyr ofte tenester til lokalsamfunna, som elles ikkje ville vore å finne på staden, som t.d. møterom, treningsrom og symjebasseng.

Eit nyleg gjennomført forprosjekt peiker på ei lang rekkje moglege tilleggsfunksjonar Desse kan gje hotella ei utvida rolle som samfunnshotell i samspel med andre aktørar innanfor til dømes reiseliv, helsetenester, kultur og anna næringsliv. Prosjektet vil støtte utprøving av fleire slike kombinasjonar og utgreie dei finansielle rammevilkåra for slik kombinasjonsdrift.

Kommunal- og regionaldepartementet har sett av sju millionar kroner til prosjektet som vil bli leia av SIVA, Selskapet for industrivekst. SIVA vil igjen trekkje på kompetanse frå ei rekkje andre aktørar.

 

For meir info: Jarle Nereng, prosjektleiar i SIVA (924 35 120)